Framside

Måleri

Prosess

Meg

Kontakt

 
   

Biografi

Eg er fødd i 1973 og oppvaksen på Sotra utanfor Bergen. Sjølv om ein tidleg kunne sjå at eg hadde eit visst kunstnarisk talent, hadde eg òg stor interesse for naturvitskap og valde ei utdanning i den retningen. Frå 1992 til 1996 studerte eg ved Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet (NTNU) i Trondheim. Eg har vore tilsett ved Forsvarets Forskningsinstitutt sidan 1997. For tida arbeider eg som seniorforskar innanfor radarteknologi og automatisk attkjenning av objekt.  

Eg er sjølvlærd som kunstmålar. Sidan 2000 har eg teke denne fritidsaktiviteten meir på alvor og lagt meir innsats i oljemåleria mine. Men det er ei utfordring å finna tid til det ettersom eg framleis er i fullt arbeid.

Eg har alltid vore fascinert over naturen. Det er det eg prøver å formidla gjennom måleria mine. Dei som nyttar tid i naturen og har syn for dei små tinga vil leggja merke til det store mangfaldet av former og fargar, og korleis ei mengd små detaljar saman kan danna eit storslått landskap. For at måleria mine skal spegla dette, nyttar eg fargar som oppfattast mest mogleg like dei verkelege fargane i naturen, og eg tek med nokså mange detaljar.

Kunstnar-CV

 

Kollektivutstillingar:

 

  •  
27. Sep. - 8. Nov. 2008: Romeriksutstillingen (Juryert), Galleri Skårer, Lørenskog og Galleri Jessheim.
  •  
Des. 2007: Galleri Haganes, Sartor Storsenter, Sotra.
  •  
Nov. - Des. 2001: Marsteinen Hotell, Sotra.
  •  
Jan. - Feb. 2001: Karioka Design & Galleri, Sotra.

Kjøparar:

 

  •  
Fjell kommune
  •  
Private samlarar