Framside

Måleri

Prosess

Meg

Kontakt

 
   

Idéar

Eg tykkjer det er inspirerande å gå turar i skogen eller ved sjøen og ta mange bilete. Ein sjeldan gong kan landskapet, vêret og lyset stemma heilt, og eg skjønar med ein gong at det må verta eit måleri av det. Men som regel finn eg berre element som kan koma til nytte ein dag. Over tid vert eg betre kjend med naturen og byggjer opp den kunnskapen som trengst for å setja saman eit måleri frå dei ulike bitane. Dei konkrete idéane til eit måleri tek ofte form når eg blar gjennom mange bilete. Nokon gonger kan eg få dei første idéane til eit måleri fleire år før eg er i stand til å verkeleggjera dei.

 

Framgangsmåte

Eg byrjar gjerne arbeidet med eit måleri ved å sjå nøye gjennom ein bunke med fotografi. Landskapet, fargane og ulike delar som skyer, vassflate og tre kan byggja på ulike bilete. Eg lagar nokre skisser med blyant på papir og vurderer korleis linjene skal gå og objekta plasserast for å danna ein harmonisk komposisjon. Skissene er sjeldan svært detaljerte. Mykje vert avgjort seinare, når eg stadig vekk går eit stykke frå måleriet eg arbeider med og ser det frå avstand. Eg baserer meg på fotografi gjennom heile prosessen, men eg kan òg fylla inn ein heil del frå fantasien. Eit døme på korleis eit måleri vert laga er vist nedanfor.